RAS – Ingvild Thingnes & Šárka Benedová: knitted stories

Gratis inngang
LØ. 7. NOV. KL. 18:00 Hent billett

HVOR: Emmaus Storhaug
PRIS: GRATIS!
VARIGHET: Ca 40 min
ARRANGØR: REGIONAL ARENA FOR SAMTIDSDANS

RAS – Ingvild Thingnes & Šárka Benedová: knitted stories

Kva vil det seie å bygge vidare på nokon andre si historie?

Sidan 2023 har dansekunstnarane Ingvild Thingnes og Šárka Benedová møttes med ulike strikkegrupper og strikkeinteresserte i Sunnfjord og Stavanger. Med dette har vi trådd inn i eit eldre- og kvinnedominert fellesskap, som har bidratt til prosjektet med sitt handarbeid. Saman har vi strikka ein stor installasjon av lange, halvgjennomsiktige tekstilar, som kvar har fått sin plass i ei utandørs vandreforestilling gjennom skoglige parkområder.

knitted stories har utvikla seg til eit prosjekt vigd til menneska og stadane som bind oss saman, og til historiene vi byggjer vidare på. Vi har spurt oss korleis materialer og delte praksisar kan bære minner og samhold gjennom generasjonar, og på kva andre måtar vi kan finne felles meining og tilknytning i dagens samfunn. Det har blitt eit verk som ønsker å blande saman det synlege og usynlege, fortid og notid, nostalgi, fantasi og røyndom.

I knitted stories inviterast publikum til å vandre gjennom installasjonen, som blir aktivert av dans, song, lys og vêr.

Med oss i Stavanger/Sandnes har vi utøvarar frå det lokale a capella-koret Korallene (55+), med musikk arrangert av Anna Klungre og dirigent Liv Hugstmyr Særheim.