Teater Vestland – Brørne Løvehjarte
Tidligere forestilling
TO. 20. NOV. 2025 – SØ. 23. NOV. 2025
HVOR: Sandnes kulturhus
PRIS: fra 245,- til 325,-
ARRANGØR: Sandnes kunst- og kulturhus
Teater Vestland – Brørne Løvehjarte
Nytt samarbeid med Teater Vestland
Sandnes kulturhus er et av de største spillestedene til Riksteatret, og vi skulle gjerne hatt alt som skal ut på turne fra dem. Det lar seg ikke alltid gjennomføre siden de har mange spillesteder i vårt langstrakte land. Vi er derfor veldig glade for at vi nå kan tilby vårt publikum mer profesjonelt teater gjennom samarbeidet med Teater Vestland.
- Rørande og spennande familieframsyning om søskenkjærleik på tvers av stjernene - og om å finne motet i seg sjølv!
Astrid Lindgren sin klassikar om brørne Løvehjarte har trollbunde generasjonar av lesarar sidan den kom ut i 1973. Vakrare og klokare skildring av søskenkjærleik og barns møte med døden finst knapt.
Historia handler om brørne Jonatan og Karl - eller Kavring som han også blir kalla. Dei er veldig glade i kvarandre, men Kavring har ein alvorleg sjukdom, og brørne veit at han kjem til å døy. Jonatan fortel at døden ikkje er farleg, for når ein døyr, så kjem ein til Nangijala - til eventyra og leirbålas rike på den andre siden av stjernene. Men Kavring er redd for å reise dit åleine. Og det slepp han.
For Jonatan dreg i forvegen til Nangijala. Og der skal dei to bu saman i Kirsebærdalen, i eit koselig, lite hus, og dei skal symje i elva og fiske ørret og ha kvar sin flotte hest som dei kan galoppere rundt på. Men alt er ikkje berre idyll i Nangijala heller. Den onde Tengel har kasta ein skugge over landet og trugar fridommen til folk. Brørne må kjempe saman for det gode, og Kavring må overvinne frykten og finne motet i seg sjølv. Det er lettare sagt enn gjort når Tengil har ein ildsprutande drage, men som Kavring seier: «Nokre ting må ein berre gjere. Elles er ein ikkje eit menneske, berre ein liten lort!»
I Miriam Prestøy Lie sin regi lagar vi ei rørande og spennande familieframsyning av denne vakre klassikaren. «Brørne Løvehjarte» er eit samarbeid mellom Teater Vestland og Den Nationale Scene. Prestøy Lie har tidlegare hatt stor suksess med barneframsyningar som «Tordivelen flyg i skumringa» på Det Vestnorske Teateret og «Jenta med fyrstikkene» på Teater Vestland.
Skodespelarar: Filip Kremner, Jonas Stene Skjelde, Jacob Nasseri, Idun Losnegård og Kyrre Eikå
Forestillingslengde: 1 time 40 minutter, ingen pauseAnbefalt alder fra 6 år
Kunstnarleg lag:
Av Astrid Lindgren
Omarbeidd av Toril Solvang-Kayiambakis
Regissør Miriam Prestøy Lie
Scenograf og kostymedesignar Tora Troe
Komponist Selma Frida Stang
Lyddesignar Viljar Losnegård
Lysdesignar Arne Kambestad
Videodesign Arne Kambestad og Tora Troe
Omsetjing Elise Risnes Eikevik
Teaterforlaget Nordiska ApS – www.nordiska.dk
Medverkande: Brede Eike og Carina Furseth
Orginalt design: Mari Lotherington
Tilvirkning: Kristine Omlid
Redisignet av: Teater Vestland
I tillegg til Teater Vestlands to kjære skodespelarar – teaterets gull Idun Losnegård og Kyrre Eikås Ottersen – har de fått med seg eit sjeldan sjarmerande trekløver av unge skodespelarar til å gestalte Brørne Løvehjarte. Les mer: https://www.teatervestland.no/aktuelt/dei-speler-brorne-lovehjarte/


