RAS – Jonas Øren: Hybris: Choreographing Whiteness

Torsdag 30. september kl. 19:30

HVOR: Liten Sal nummerert
VARIGHET: 75 min, Kunstnersamtale etter forestillingen
PRIS: fra 150,- til 250,-
ARRANGØR: RAS

Kjøp billett

RAS – Jonas Øren: Hybris: Choreographing Whiteness

Dansekunstner Jonas Øren er interessert i å utforske hvordan han, som skeiv mann, lar seg
koreografere av populærkulturens omforming av svart femininitet og skeiv subkultur.

Hybris betyr overmot; ønsket om å tilnærme seg ein guddom eller noko som er større enn ein sjølv. Hybris: Choreographing Whiteness er ei kritisk utforsking av personleg sjølviscenesetjing basert på to populærkulturelle stereotypiar som tangerer; den amerikaniserte melaninrike kvinna og den skeive mannen.

Dansekunstnar Jonas Øren er interessert i å utforske korleis han, som skeiv mann, lar seg koreografere av populærkulturen si omforming av svart femininitet og skeiv subkultur, og korleis han ukritisk har forstått eit kroppsuttrykk og språk som opprinneleg er skapt av behovet for motstand og sjølvbekrefting som eit kroppspråk for suksess.

Denne performativiteten, kall han effortless, unbothered, eller fierce, formar både Øren sitt personlege, språklege og kroppslege register og hans forståing for sceniske og musiske ideal. Hans skeive kvitheit koreograferast av den melaninrike kvinna gjennom appropriasjon og eit behov for styrke. Kvitheita har vore ukritisk forma av eit behov for attitude.

Prosjektet er mangefasettert og det sceniske informerast mellom anna av utviklinga av EP-en og tekstsamlinga HYBRIS.

På scena ønsker Øren å utforske og reforhandle konsertformatet og nyttar rap-tekstar og eit språk påverka av pop-rap i møtet med dans i si iscenesetjing av eigen sjølv-performance.

«Eg er alltid on point, skulle tru eg var Sylvie [Guillem],
Skrive faktura på overtid?
… faen eg hakje tid –
ring Kulturrådet, så kan du heller spørre de – ey
Kall det subsidiert – god
E en nasjonalskatt som Ibsen og Munch
Detta e eventyr, too good to be true
E´ en small town boy, men se på meg nuh – ah»

Jonas Øren er dansekunstner og er interessert i å undersøke korleis sjølvet, subjektivitet og identitet er knytta til kommunikasjon, produksjon og strategisk framføring gjennom dans og koreografi. Ved å sjå til sjølv-performativitet både i og utanfor scenerommet ønsker han å spegle aspekt ved samtida og måtane vi kommuniserer på i dag.

Øren har bachelorgrad i klassisk ballett og mastergrad i dans frå Kunsthøgskulen i Oslo, og har arbeida med dansen innanfor fleire kontekstar og i samarbeid med aktørar frå ulike felt, i alt frå spelefilmar, musikkvideoar og operetter til eigenproduserte prosjekt.

Koreograf, utøver og produsent: Jonas Øren
Dramaturg: Jessica Lauren Elizabeth Taylor
Rådgivning og kunstnerisk veiledning: Cherish Menzo, Lars Vaular, Thomas Talawa Prestø

Lysdesign og teknisk avvikling: Yasin Gyltepe
Produsent: Ingeborg Husbyn Aarsand
Co-produsenter: Dansens Hus Oslo, Rosendal Teater, RAS – Regional Arena for Samtidsdans
Støttet av: Norsk Kulturråd, Fritt Ord, Oslo Kommune, Dansearena Nord, 
Pressefoto: Emma Sukalic CGI-design, pressefoto: Nik Gundersen